Intervju med Ørjan Håskjold Nyland
Den unge keeperen frå Mork hadde et særs innhaldsrikt 2007. Med landslagsspel, plass i A-stallen til Hødd og ikkje minst treningsopphald for RBK under deira kamp mot Valencia. Vi tok oss en prat med den sympatiske unge mannen som viser vei for unge talent i regionen.
 |
Ørjan på treningsopphald med Rosenborg i oktober. FOTO: RBK.no |
|
|

Johan Egil Rudi
joherudi@hotmail.com Ørjan er den første ut i en serie intervju med
lokale og andre kjente spelarar på høgare nivå.
Også andre kompetansepersoner inne ulike aspekt
ved fotball vil vi få høyre frå her på hil fotball
net.
Første må du fortelle oss korleis det var
å få trene med RBK og til å med få være med til
Valencia og trene på Mestalla.
For det første var det overraskande å få ein
telefon om å vere med til Valencia, sjøl om eg
hadde vore på eit treningsopphald med RBK
tidlegare. Å vere «ein del av» RBK på Mestalla er
nesten umulig å beskrive. Det var en sjuk
opplevelse å trene og sitte ved sida av benken på
eit av dei mest frykta stadiona i verda. Det er
ein drøm for unge fotballspelerar. Til slutt vil
eg seie at det var ein kjekk gjeng å reise/trene
saman med.
Vi he saman med Mork starte ei
treningsgruppe for unge keeperar. Kva er det
viktigaste unge keeperspirar må tenke på for å
utvikle seg til dyktige keeperar?
Det viktigaste for unge keeperspirar er at
treningane skal vere artige. Etter kvart som ein
blir eldre, må det leggast vekt på mykje meir
teknikk, styrke og oppfatninga av spelet. Ein må
jobbe grundig med detaljar når ein blir eldre, og
du kan aldri blir ferdig utlært på eit område. Ein
kan berre bli bedre. Det er også viktig å trene på
alt som er viktig for keeperar, td feltarbeid,
reaksjon, rekkevidde osv..
Korr mykje trening ligg det bak en plass
på U-landslaget, plass i A-stallen til Hødd og eit
treningsopphald i Rosenborg? Viktigheita av
variert trening med fleire idrettar?
Eg sjølv har holdt på med variert idrett sidan
eg var ein lite gutunge. Dette har vore viktig,
fordi det gir allsidigheit, styrke, koordinasjon
og balanse. Variert idrett gjer også at presset på
den eine idretten du vil bli god i,, ikkje er for
stor. Men til slutt, rundt 13 års alderen må ein
vel ta eit valg om kva ein vil bli. Å halde seg
skadefri er også viktig. Sjølv har eg ikkje vore
mykje skada i seinare alder. Det kan sikkert
allsidigheita ha spelt ei rolle for. Eg har trent
omtrent kvar dag/konkurranse i helgane når eg
dreiv med ulike idrettar. No er det fotball kvar
dag, og opptil 3 dagar med 2 økter.
Korleis ser treningskvardagen din ut og
kva hensyn tek du utanfor bana for å kunne
prestere maks på bana?
Treningskvardagen min er som nemnt ovanfor. I
tillegg er det veldig viktig med restitusjon og
kvile for at kroppen heile tida skal tåle all
belastninga den får. Godt og sunt kosthold, for å
få dei viktige næringsstoffa. Med meg som med
andre , kan det eg bli flinkare på det sjølv.
I Hødd he en no Fotball-SFO, idrettslinje,
toppfotball og fantastiske treningsforhold inne og
ute heile året. Kva trur du må til for å få
Ørsta/Volda opp i andre divisjon og sørge for at
lokale talent som deg sjølv kan bli værande
lengre?
For det første er det mange gode
fotballspelerar i Volda og Ørsta. Det som eg trur
må til for at noken av laga skal komme seg opp i
2.divisjon er tøff satsing og muligens eit
samarbeid. Dyktige trenarar må på plass, og
økonomien må vere der. Grunnen til at lokale
talent ikkje kan bli lenger i moderklubbane i dag,
er fordi dei ikkje vil stagnere utviklinga som dei
er i ferd med å gjennomføre. Heile tida må ein ha
nye mål å strekkje seg etter og derfor er det
viktig med gode trenarteam, fasilitetar og
muligheit for utvikling.
Forbilde og kvifor?
Petr Cech, fordi han har ei enorm rekkevidde,
presterar på eit høgt nivå kvar kamp, har høgt
«bunnnivå». Det vil seie at på ein dårleg dag, er
han allikevel god.
Mål for sesongen 2008?
Holde plassen på U-landslaget, speletid i
adeccoligaen, og fortsette utviklinga mi som
keeper
Vi takk for intervjuet og ynskjer lukke til med
sesongen 2008!
Don't let the fear of striking out, keep you
from playing the game!
(sjøl om du bommar på ein ball i feltet, skal
ikkje det hindre deg i å gå på neste ball som
kjem) :)
HIL 20/01/08 (20:23) - Oppdatert 25/01/08 (14:29)
På grunn av personangrep i kommentarer er det nå kun mulig
å skrive kommentarer om du er
innlogget.
Vi håper på forståelse for dette. Da kan vi lettere holde styr på hvem
som bør få skrive kommentarer og hvem som IKKE bør få det.