1. august 2010 3:22
Gjestar: 6   Innlogga: 1

Sturla Pilskog frå Hareid med sine synspunkt på spelarutvikling

 UTSKRIFT
 SØK

I Vikebladet Vestposten den 28.juni kunne ein lese i eit intervju med ex.Hødd-trenar Hallstein Saunes at dagens Hødd-talent er for dårlig trente. Under ei ”Eliteturnering” på Høddvoll kom dette tydelig fram meinte Saunes. Men en som har noken friske meiningar om nettopp dette er Hareid IL sin eminente midtbaneteknikkar Sturla Pilskog.
 FOTO: www.vikebladet.no
Artikkelforfattar Sturla Pilskog i spel for Hareid på Hareid stadion. FOTO: www.vikebladet.no
 Skrevet av Johan Egil Rudi  HIL
Johan Egil Rudi
joherudi@hotmail.com

Eg vil med dette gi nokre gode råd til Hødd, og for den del, generelt til heile fotball-Norge.
Råda er (og eg må understreke at dette gjeld først og fremst i høve barn og ungdom):

1) Gi blaffen i den fysiske treninga!
2) Dyrk trening MED ball! Dyrk individuell dugleik MED ball! Dyrk den individuelle spelaren!

Tanken om den fysisk sterke fotballspelaren, er ein tanke som sit djupt i røttene på det norske fotballfolket. Egil "Drillo" Olsen er ein genial fyr. Han viste å gjere seg nytte av dette. Han viste, og forsåvidt veit framleis, at norske fotballspelarar ikkje duger MED ball; difor kom uttrykka som "Flo-pasning", "best utan ball", o.s.b. Det er synd, veldig synd!

Det er trist at herr Olsen fekk så stor gjennomslagskraft og at heile fotball-Norge følgde etter. Men det er endå meir trist at tankane rundt den fysisk sterke fotballspelaren framleis lever i beste velgåande (og ja, eg viser framleis til intervjuet med Saunes). For Hødd og norsk fotball vil etter mi meining ikkje kome nokon veg med slik forståing av spelet fotball.

Du ville ha bevis? 1) Norge sitt fotballlandslag. Åge Hareide skulle reformere den norske fotballen. Kva har skjedd? Han prøvde i sine første månader som landslagstrenar og klarte det delvis, men så feiga han ut (Karadas blir valt i staden for Hoseth?).

Det er framleis veldig kjedeleg å sjå på norsk landslagsfotball, og resultata uteblir. 2) Rosenborg BK. Mange trur at Rosenborg har gjort det så bra. Er det verkeleg slik? Kva har dei eigentleg å vise til i utlandet? Jau, mange stortap mot klubbar som heller dyrkar dei INDIVIDUELLE spelartypane. At Rosenborg har vore så suverene her heime, seier heller alt om den norske fotballen.

Poenget mitt er å vise at norsk fotball ikkje duger på verdsbasis, og at det må til ei haldningsendring for å kunne hevde seg. Og ver snill; ikkje kom med argumentet om at Norge har så få innbyggjarar i høve til andre land. Sverige og Danmark klarer det, kvifor ikkje Norge?). Og då må vi begynne nedanfrå, hos den yngre garde, såleis også hos Hødd.

Eg kan peike på nokre svært enkle forskjellar mellom norske tenkemåtar rundt spelet fotball, og utlandet, då til verdas beste fotballnasjon, Brasil. I 1999 budde eg eit år i Brasil, og då var eg så heldig å få trene med eit av Brasil sitt beste fotballag; Palmeiras (men sjølvsagt med juniorlaget. Eg var då 17 år). Eg merke meg med ein gong at: 1) Det var tabu for forsvarsspelarar å skyte ballen over sidelinja. Ein MÅTTE spele seg ut, og om ein klarerte ballen langt ut over sidelinja, så var det gjerne kjeft å få. I Norge er det omvendt; viss ein ikkje klarerer vekk ballen (og gjerne langt, langt ut av bana) i eige forsvar så fort som mogleg: krise!
2) Brasil: Framover på bana skulle, nei MÅTTE, spelarane prøve å utfordre mann mot mann, viss ikkje; kjeft å få. Prøvde ein å finte, men mislykkast, fekk spelarane likevel ros; vel verdt forsøka! Ein kunne prøve og feile, prøve og feile....

I Norge er det omvendt, prøver ein og feilar: krise!
3) På treningane i Brasil hadde vi som oftast ein regel om at det ikkje var lov til å halde ballen over knehøgde i spel. I Norge er det ofte omvendt; vi har heller ymse langpasningsøvingar. Dette er grobotntankar som eg meiner så innlysande understrekar norsk fotballs fokus på fysiske attributt. Altså Brasil: fokus på individuell dugleik MED ball. Norge: fokus på det kollektive, gjerne UTAN ball.
Jaudå, Brasil hadde også fokus på fysisk trening, men det fokuset dreia seg rundt fartstrening og balansekunst (eller turn om du vil). Dette er trening som inngår i forholdet mann - ball - utfordre motstandar.

I år oppheldt eg meg igjen eit par månader i Brasil, denne gongen i Santos. Der fekk eg med meg ein del kampar med Santos FC (I følgje FIFA si klubbranking er Santos den 5. beste klubben i verda). På Santos spelte Robinho (somme såg han kanskje i aksjon i prøve-vm i juni? Han spelar no for Real Madrid). Robinho var ikkje særleg framståande i dei kampane eg såg. Men han var likevel elska av publikum. Kvifor? Fordi han prøvde på det utradisjonelle. Han prøvde så å seie heile tida på ei eller anna finte, ei eller anna vending. Og publikum jubla kvar gong, også sjølv om det ikkje gjekk så bra. Men den eine gongen det gjekk bra: For ein fantastisk prestasjon! Eg forstod med ein gong at det ikkje var så rart at publikum elska denne spelaren. Denne eine prestasjonen var truleg verdt heile kampen. Og ja, eg vart sjølv litt forelska...

Kontrast: I vår var eg på fotballkamp på Sunnmøre, nærmare bestemt Høddvoll; Hødd mot Bryne. Slik eg kunne sjå det; Bryne bestod av fysisk sterke spelarar med "tjukke rumper" (lesast; trege , seige spelarar). Eg meiner Hødd lett kunne spelt ut Bryne med kjappe, gode individuelle spelarar. Kristoffer Tollås er ein slik potensiell spelar, og han prøvde, det gjorde han verkeleg. Men det var ikkje alltid han lykkast. Og når eg då sit på Høddvoll og høyrer alle negative reaksjonane rundt på tribunen fordi t.d. Tollås ikkje lykkast ved den eine finta, så undrast eg igjen; den norske haldninga til fotball, kor kjem ho frå?

Høddvollpublikumet bør muntre opp og tiljuble spelarar som Tollås, også når han mislykkast! Klapp når ein spelar prøver på noko utradisjonelt, eller rett og slett berre prøver å passere ein motstandar; og då uansett utfall! Det er slike haldningsendringar eg (som både fotballspelar sjølv, fotballinteressert og tilskodar) ønskjer meg. Men det må starte frå botnen av; ein må la barna spele fotball MED ball, og la dei drible så mykje dei vil! Eg meiner bestemt å hugse at Jan Åge Fjørtoft i eit intervju for nokre år sidan la delar av sin suksess til Hødd junior og dåverande trenar Karl Henrik Strandabø, nettopp fordi han hadde hatt så pass stor fridom til å kunne prøve og feile, prøve og feile.

Ei slik haldningsendring vil ikkje skape resultat med det fyrste, men over tid. Spørsmålet er: kven tør? For det må nok til ei oppskaking og "risting" til i den norske fotballforståinga. Eg utfordrar difor Hødd: La barna og ungdomen, heilt opp til juniornivå, spele MED ball så ofte som mogleg, og berre på den måten kan ein bli ein betre FOTball spelar. Inntoget av ballbingar er ei byrjing. Spel også mykje innefotball! (Ronaldo spelte berre futsal/innefotball heilt til han vart oppdaga av ein brasiliansk storklubb). Dette er arenaer kor ein må beherske å ha ballen i beina under små areal, og derifrå kan ein ta med seg erfaringane til utendørsfotball. Kan ein klare å endre desse haldningane, garanterer eg morosomare fotball både for spelarar og tilskodarar; og ikkje minst - betre resultat!

Av Sturla Pilskog
HIL 27.09.05 (21:29) - Oppdatert 27.09.05 (23:35)
   På grunn av personangrep i kommentarer er det nå kun mulig
   å skrive kommentarer om du er innlogget.

   Vi håper på forståelse for dette. Da kan vi lettere holde styr på hvem
   som bør få skrive kommentarer og hvem som IKKE bør få det.
 • Les også
   » Tre røde drakter mangler.
   » Spillere til Sæbø-cup??
   » 7 \ 7 on friday
   » Youngboys trim torsdag kl 20
   » Billigste banken i landet !
   » Sæbø-cup og treningskamp.
   » Koseøkt på Gullhøna 17.00 i dag
   » SpareBank 1 vår generalsponsor !
   » Obako blir ut sesongen.
   » Sportslig leder fyller år!
Webmaster Johan Egil Rudi © 2005-2010
hil fotball net utviklet av Kristoffer Nilsen