Derfor fekk me Hovdebygda Ungdomslag så tidleg som i 1885, det første på heile Nordvestlandet. Derfor vart også Hovdebygda Idrottslag skipa den 16.september i 1915 som det første i Ørsta. Ja, som idrettslag er det faktisk det første og eldste i Ørsta/Volda – området. Voldas Turnforening kom i 1895, medan Volda Turn og Idrottslag først vart skipa i 1928 og Ørsta Idrottslag same året.
Det var
Ivar J. Aasen, (f. 9. Okt. 1897 – d. 15. Jun. 1963), som i den vanskelige tida under 1.verdenskrig hadde nok optimisme til å skipe HIL, og ta til med trening og konkurranse. I 1945 vart det halde 30-års fest på ungdomshuset i Hovdebygda. Ivar J. Aasen gjekk då på talarstolen og gav eit attersyn over idrettslaget si soge. Dei som var tilstades på den festen hugsar særleg den glød og appell som kom fram i talen hans. Det var typisk for Åse-Ivar. Han var meir oppteken av dei utfordringane som låg framfor enn å kvile på sine laurbær. Dessverre finst det verken referat eller lydopptak frå denne talen.
Tida fram til 1945 er ikkje særlig dokumenter. For under en brann i Møre Ullvarefabrikk i 1926 reknar en med at det meste av det som blei skreve ned, brann opp.
Åse-Ivar som han blei kalla var veldig interessert i friidrett, og på denne tida var det nettopp friidrett som var den store idretten. Åse-Ivar fekk tak i ein god del utstyr, gamlekarane Ragnar Aasen, Øyvin Hamar og Syver J. Engeseth kan fortelle at han blant anna hadde både kule, diskos, spyd og stav. Det vart også rigga opp turnringar både i Aasen-tunet og andre stader kringom i bygda.
Folk samla seg ofte til trening på Hjellegjerdet, ei slette i Furene mot Egset i Volda. Denne sletta var elles ein mykje nytta samlingsplass for ungdomen i bygdene her, ”med dans og sprang på den grøne vang” som dei syng i skodespelet ”Ervingen” av Ivar Aasen.
Eit av dei mest kjende namna i norsk idrett for 85 år sidan var Helge Løvland. Han fekk Olympisk gull i 10 – kamp i Antwerpen i 1920. Åse-Ivar fekk han til å kome til bygda i 1923. Han heldt foredrag på Ungdomshuset der han gav gode råd om trening og konkurranser. Etter dette blei det ei stor auke i idretten i bygda, men det var ikkje alle som likte all dinne springinga. Ja, det var dei som meinte at det var umoralsk å fare springande etter vegane so lettkledde som dinna gjengen hans Åse-Ivar.