1. august 2010 3:36
Gjestar: 4   Innlogga: 1
 HISTORIKK

Den sportslege historia (del 1)

Heilt sidan midten av 30-åra er det nok fotballen som har samla mest interesse i dei fleste bygder. Slik var det også i Hovdebygda. I fylgje møtebøkene starta det for alvor i 1932: "Det var ein stor dag den 19.juli då fotballspelara frå Hovdebygda stilte opp til kamp mot Ørsta B med nye fotballsko (sydde av skomakar Adolf Mo) og med drakter for fyrste gongen. Det var stolpedrakter i raudt og kvitt, og med svarte bukser. Det vart ein særs hard kamp, og H.I.L sikra 1 – 0"
MENY
Han som starta det heile..
Formenn i HIL 1915 - 200..
HIL samlar bygdefolket n..
Økonomi..
Den gamle idrettsplassen..
Den nye idrettsområde..
Finansiering og kostnad..
Opninga av den nye idret..
Viktig datoer..
Anleggsarbeidet etter 19..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
HIL på Norway-Cup..
Hovdedagar 05 - ein fest..
Artige historie..
 
 Småguttelaget til Hovdebygda som var med i fotballturneringa Sunnmørscupen i 1975. Laget tapte bronsefinala mot Molde. Bak frå venstre: Liv Hovden, Alvhild Hovden, Mads Steinnes, Anders Aarskog, Gustav Egset, Åge Takset, Øystein Aasen, Hallgeir Engen, Geir Davik, Ronny Sira, Idar Aarskog og Einar Flø. Framme frå venstre: Atle Engen, Per Are Sørheim, Terje Lianes, Bård Johansen, Tor Jonsson, Jan Flø og Cato Engen. Fotograf var Bjarne I. Hovden. (Einar Flø har lånt ut fotografiet.)
 Hovdebygda sitt fotballalag i 1956. Bak frå venstre: Jon Aasen (1932-1984), Agnar Kroken, Ingulv Muklebust, Brynjulf Skurtveit, Rolf Hatlelid, Syver Krøvel og Peder Synnes. Framme frå venstre: Per E. Hovden, Hans M. Ryste og Torgeir Hovden. Det var truleg Ivar Ivarson som tok bilete. (Fotografiet er utlånt av Johanne og Torgeir Hovden.)
 Hovdebygda sitt A-lag i fotball i 1938. Biletet er teke på Idrottsplassen i Hovdebygda. Framme frå venstre: Oddvar Ryste, Aamund Hovden og Norvald Fagerhol. Bak frå venstre: Harald Bergmann, Syvert Hamar, Syver Krøvel, Trygve Aasen, Ludolf Hovde, Arnulf Ryste, Per Inselset og Bendik Myklebust. (Fotografiet er utlånt av Syver Krøvel.)
 Ved ungdomshuset "Ervingen" kring 1920. Dei unge i bygda er samla utanfor det gamle ungdomshuset. Huset vart bygd i 1907. Det brann ned i 1935. Det nye ungdomshuset vart teke i bruk den 29.desember same året. Dette er truleg ei losjesamling. Me ser lærar Eyvind Salvesson (1875-1955) bak til høgre. Fremste rekkja frå venstre: Hjørdis Digernes, Arnhild Hovden Engeset, Hjørdis Berg, Solveig Ryste, Jofrid Eikrem, Olaug Hamar, Borghild Hovden ("Skule-Borghild"). Ei klynge til venstre: Anna Digernes, Gudrun Selbervik, Kaspara Ryste, Signe Aasen, Jorunn Hamar, Magnhild Aasen og to ukjende. Fremste rekkje held fram: Roar Aasen, ukjend, Leidulf Hovden, Hans Aasen, Sverre Salvesson, Vermund Hamar, Ragnvald Salvesson, Hilmar Blomvik, Knut Hovden, Olaug Ryste, Hjørdis Ryste, Jofrid Ringset, Margrete Bauch (tysk). Frå høgre: Eyvind Salvesson, Astrid Straume, Jon Hamar, Johannes Aasen, Borghild Hovden, Magne Selbervik, Karl Hovden ("Skule-Kalla"), Sivert Hamar, Kåre Aasen og Ingebjørg Hovden ("Skule-Bjørg"). Fotograf er Peter J. Sørå. (Biletet, som er prenta som postkort, er utlånt av Jens Kåre Engeset.)
Men det hadde vore fleire harde oppgjer før den tid. Syver J. Engeseth (f. 1903) fortel at gutane alt under 1.verdskrigen samlast til dyst ymse stader i bygda. Den mest nytta fotballarenaen var nede ved fjøra i Eiliv-Rystene. Fotballane var heimesydde, på skap som ein stor raspaball og dertil av rågummi. – Både spretten og retninga var såleis litt vanskelig å rekne ut på førehand. Han fortel elles at han fekk lov å melde seg inn i laget i 1918 (som 15-åring).

Nokre av dei mest formuande spelarane gjekk då saman og spleisa på ein verkelig fotball. Han vart heimskriven frå Ålesund, og kosta heile 18 kr. Dette var truleg første fotballen som kom til Ørsta!

Det var kampar mellom dei ulike delene av Hovdebygda: Indre Hovden mot Ytre Hovden eller det kunne t.d. vere Ryste mot Ytre + Digernes. Når dei stilte eit samla H.I.L –lag var motstandarane særleg Ose, Mo og Follestaddalen.

Me tek med eit par smakebitar til frå 1932:

Idrettsplassen tok då til å verte brukande til kampar. ”Denne hausten vil me nemne kampen mot Mo på Hovdebana. Me sigra med 5-3. Dette var første gongen i soga at Hovdebygda hev sigra yver Mo”.

Første laget som er bokført er også frå 1932. Det vart då skipa til Ørstameisterskapet. Laget var slik frå mål til ytre venstre: Rolf Digernes, Leidulf Hovden, Asbjørn Rudi, Roar Aasen, Sigmund Ryste, Jon Hamar, Syver Hamar, Olav Ryste, Johannes Aasen, Johannes K. Ryste og Sverre Rudi.

I 1938 vart laget meldt inn i Sunnmøre Fotballkrets. 2.verdskrig var ei vanskelig tid på mange vis. Bygda hadde mange lovande talent både i fotball og ski då krigen braut ut i 1940. Desse miste 5 av sine beste år då krigen sette ein stoppar for alle offisielle idrettstilskipingar. Nokre få av desse ungdomane var nok med dei første åra etter krigen, men ein ny generasjon tok etter kvart over. H.I.L. sitt fotballag har vore både høgt oppe og djupt nede dei 60 åra som er gådde sidan 1945.

Jens Kåre Engeset fekk lov til å debutere nett denne hausten. –Sjølvsagt som ytre venstre, det var fast debutantplass for alle. Jens Kåre fekk faktisk oppleve å vere med å vinne over Hødd, men også tap mot Follestaddalen! Laget har i desse åra gått opp og ned i divisjonane, alt etter som dugleiken og lukka har skifta – frå 1. til 6.divisjon. (H.I.L var i 1.divisjonen som tilsvarer dagens 3.div. Hovudserien og landsdelserien svar då til 1. og 2.div. i dag).

Resten av sida er skrive av Johan Egil Rudi
I 2000 rykte laget opp til 3.div slik vi kjenner det i dag. Under Dagmund Evebø si leiing blei det med en sesong saman med Ørsta i 3.div i 2001. Etter en sesong midt på treet i 2002 blei det nytt nedrykk i 2003, saman med Åmdal. I 2004 gjekk laget for å bli nest beste lag i Ørsta kommune då vi var i same divisjon som både Åmdal, Vartdal og Sæbø.

Vi klarte det og var også nærme opprykk

Dei to hardtsatsande Ålesundslaga Herd og Rollon blei for sterke til tross for at vi slo dei i 3 av 4 kampar. Men i 2005 kom opprykket då laget leia frå første serierunde.

I 2006 skal laget spele i 4.div. Her kjem mykje til etterkvart som vi får inn årsrapportane.
Webmaster Johan Egil Rudi © 2005-2010
hil fotball net utviklet av Kristoffer Nilsen