”Opningskampen i kampåret 1950 spela H.I.L. mot Ørsta A den 28.4. på Ørsta Stadion. På same tid som denne kampen innvigde eit nytt og epokegjerande år i Hovdebygda fotballag si soge, hadde me noko stort å halde ved like, nemnleg sigeren over Ørsta A i november. Det var eit syn som dei blåfrosne tilskodarane ikkje skulle gløyme med det første då en ball susa inn i Ørsta-målet. Ingulv Myklebust var mannen bak denne prestasjonen. Spel såg ein ikkje så mykje av, verken frå favoritten Ørsta eller Hovdebygda. Ørsta freista nokon gongar med litt småspel, men gjekk fort i beit då HIL-karane svarte med Hovdesystemet som ikkje samanliknast med noko system i fotballverda”.
(Referent er Rolf Hatlelid).
Ja, sigeren var altså sikra, og det var verken første eller siste gong Ingulv sytte for avgjerande skoring!
Opprykkskampane mot Aksla same året må også reknast med mellom det største! Det måtte 4 kampar til før plassen i 2.divisjon og krinsmeisterskapen i 3.divisjon endeleg var sikra. Det starta med at H.I.L. vann første kampen, som gjekk på Nørvebana, med 2-1. Men Aksla leverte inn protest på at me brukte
Syver Krøvel som då kom frå Rollon. Syver var elles rekna som ein av dei beste spelarane på Sunnmøre i dei tider. Han spela m.a. på kretslaget.
Omkampen vart lagt til grasbana på Aksla. Det vart då 0-2 tap, men H.I.L. la ned protest på banevalet – då vi aldri hadde spela på gras før. Protesten vart omsider teken til fylgje. Det vart så 3-2 siger i omkampen (Ørsta Stadion) og ny 3-2 siger i den 4.kampen som gjekk på Hareid (nøytral bane). Halve Hovdebygda var den gongen med til Hareid som heiagjeng.
Laget: Hans M. Ryste, Torgeir Hovden, Johan Rudi, Per E. Hovden, Jens Kåre Engeset, Tedd Hovde, Kåre A. Hovden, Peder Hovde, Ingulv Myklebust, Agnar Kroken og Jon Aasen.
-Dessutan var som nemnt Syver Krøvel med i første kampen og Norvald Fagerhol i den andre og tredje.
Sjølvaste Borchen (
Borch Walderhaug) som elles var trenar eit par sesongar for H.I.L. – laga eit langt epos der denne bragda der omkvædet lydde slik:
”Hovdegutten, vant på slutten,
Aksla og fikk sitt trofe.
De ble mester i protester,
Der ble ei protester på det!”
I 1960 gjentok laget den same bragda, og vart krinsmeistrar. – Heile 7 spelarar frå 50-laget var still going strong, og tok såleis sitt andre meisterskap med 10 års mellomrom.
I Sunnmøre Arbeideravis for 9.juli 1946 kan en lese dette:
”Resultatet av 3.divisjonskampen mellom Hovdebygda og Hødd i Ulsteinvik i går, ble siger til H.I.L. med 2-1. Det var en kamp med dårlig spill og mye rot frå begge lag. Begge disse laga har mye å lære før de kan ha håp om å bli anerkjent som gode fotballspillere”.