1. august 2010 3:19
Gjestar: 5   Innlogga: 1
 HISTORIKK

Den sportslege historia (del 3)

Jens Kåre kommenterer det heile med: ”Me opplevde i alle høve å slå Hødd, men at i alle høve Høddspelarane lærde mykje i åra som kom!” Dei fleste skrivarane i H.I.L. som har referert kampane i møtebøkene, er nokså nøkterne, og held seg oftast til lagoppstillinga og resultatet. – Det hendte likevel at vedkomande vurderte kampen som så historisk sentral at han plussa på nokre liner til. I høve krinsmeisterskapen i 1960 har Rolf Hatlelid skrive:
MENY
Han som starta det heile..
Formenn i HIL 1915 - 200..
HIL samlar bygdefolket n..
Økonomi..
Den gamle idrettsplassen..
Den nye idrettsområde..
Finansiering og kostnad..
Opninga av den nye idret..
Viktig datoer..
Anleggsarbeidet etter 19..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
HIL på Norway-Cup..
Hovdedagar 05 - ein fest..
Artige historie..
 
 Hovdebygda sitt A-lag i fotball på Ørsta stadion kring 1960. Fremste rad frå venstre: Per A. Hovden, Hans M. Ryste og Brynjulf Skurtveit. Bakerst frå venstre: Ingulv Myklebust, Torgeir Hovden, Jens Kåre Engeset, Jostein Myklebust, Agnar Kroken, Svein Aasen, Teodor Hovde og Steinar Hamar. (Fotografiet er utlånt av Jens Kåre Engeset.)
 Hovdebygda sitt A-lag i fotball fotografert på Hovdebygda stadion i 1975. Bak frå venstre: Roe Digernes, Bernt Krøvel, Jan Åge Skrede, Henning Sundalskleiv, Dagfinn Fagerhol og Ståle Brautaset. Framme frå venstre: Sveinung Aasen, Einar Myklebust, Ole Flø, Karl Hovden, Per Fagerhol og Ståle Ryste. (Fotografiet er utlånt av Einar Myklebust.)
”Så stemnde då skipet vårt (Advance) inn Ørstafjorden den historiske sundagen i året 1960 e.kr. –med 11 slitne, men lukkelege fotballkjemper om bord. Og då vi seig inn mot Møre-kaia vart me møtte av ein dundrande salutt. 3 kraftige skot mellom dei gamle fjell – og Felix (Johan Rudi) var meister for den velkomehelsinga!”.

Same året (1960) la fotballaget ut på sin første tur utanom Sunnmøre/Nordfjord. Turen gjekk nemleg heilt til Sogn og Voss.

”5 privatbilar med spelarar + trenar og damer starta frå Bakken den 22.juli. Første kampen gjekk relativt bra med 4-5 tap mot Førde. Men vidare på turneen hadde laget anten valt for harde motstandarar eller så var det kanskje andre og ”tekniske” grunnar til dei mindre bra resultata: 0-4 mot Høyanger, 0-9 mot Voss og 0-8 mot Sogndal! – Men så var det altså feriefotball vel å merke!”.

Fotballreferata vart den gongen – som no lesne med stor interesse, ikkje minst av spelarane.
- Ofte kunne det vere hard lesnad, særleg dersom du hadde debutert og fekk så ein kommentar som dette:

”H.I.L. sin venstreving var visstnok ikkje sikker på om han var med. I alle høve synte han tydelig mothug mot ballen”.
(Frå Sunnmørsposten i referat frå ein kamp mot Brattvåg)

I dei 30 åra frå 1960 fram til 1990, har lukka og divisjonane skifta frå år til år. Den såkalla ”kverulantgjengen” som gjerne er å finne på sørsida av bana på heimekampane tidlig på 90-talet, vil nok hevde at laget frå 50- og 60-åra var betre enn 1990 laget. –Ein vanskelig diskusjon! –Kanskje var innsatsviljen og evna til å kjempe til siste minutt større før, medan teknikken er eit par hakk betre hos dagens spelarar?

Treninga er nok meir planlagd og systematisk gjennomført enn før i tida. Det var visst i 50-åra laget for første gongen engasjerte trenar utanfrå. Ein av desse var ”Bolle” Myklebust frå Ålesund. –Sikkert ein mann med mykje kunnskap om fotball, men det gjekk ikkje så bra, noko som truleg var like mykje spelarane si skuld! Han la stor vekt på teori. Laget samlast på ungdomshuset for teori og taktikkdrøfting før ein viktig kamp mot Volda. ”Bolle” teikna innvikla system med pilar i alle retningar på tavla. – Truleg greidde dei ikkje å halde styr på alle pilene dei hadde i hjernevindingane, - for det gjekk heilt gale.

H.I.L. tapte 1-7! Dei var nok for vande med å gå rett på sak, og rett på mål – noko som også ofte kan vere effektivt.!
- Eller som sekretæren skreiv i referatet etter ein kamp:

”H.I.L. svara med Hovdesystemet som ikkje kan sameinast med noko anna i fotballverda”.
Webmaster Johan Egil Rudi © 2005-2010
hil fotball net utviklet av Kristoffer Nilsen