1980 Egil Trandal
1981 Kjell Ødegård
1982 Agnar Lid
1983 Kai Raaberg
1984 Agnar Lid
1985 Per Midtlid
1986 Svein Digernes*
1987 Henning Sundalskleiv*
1988 Henning Sundalskleiv*
1989 Henning Sundalskleiv*
1990 Stig Johansen / Svein Digernes*
1991 Dagmund Evebø
1992 Ove krumsvik
1993 Ove Krumsvik
1994 Svein Digernes
1995 Helge Haram
1996 Svein Digernes
1997 Henning Sundelskleiv
1998 Henning Sundalskleiv
1999 Geir Tore Orten
2000 Dagmund Evebø
2001 Dagmund Evebø
2002 Svein Sæbønes
2003 Bjørnar Ingebrigtsen / Svein Sæbønes*
2004 Leif Inge Winjevoll / Svein Sæbønes*
2005 Leif Inge Winjevoll / Runar Gretland*
* = Spelande trenar
Svein Digernes og
Henning Sundalskleiv, som begge høyrer til eigne rekker, har vore spelande trenarar. Det har også
Svein Sæbønes og
Runar Gretland. Svein Digernes fekk elles Sunnmørsposten sin bestemannspremie for spelarar i 4.divisjon i 1984, og var ei stø klippe og lagkaptein i mange år før ha la opp etter 512 kampar.
Henning må reknast som ein av stor-skorarane på laget med t.d. 38 mål i både 79 og 80. Elles er det mange både ”faste klipper” og storskorarar som burde nemnast, men nokon kan lett verte gløymt!
Frå 1980-90 vart det drive eit godt arbeid mellom dei yngste. Såleis deltok miniputtlaget for første gong i serien i 1980, og tok ein fin 2.plass. I det heile blei det drive instruksjon over eit breitt felt, og stilte lag i fleire aldersbestemte klasser. Det vart stilt B-lag i mange år. Her gjorde særleg
Arnt Kåre Johansen ein fin innsats med å skaffe spelarar. Han var også fast sjåfør på ”fotballbussen” til laget.
Nemnast må også damelaget som starta i 1982, med
Sollaug Eiksun som primus motor. Medan heftet til Jens Kåre Engeset blei skrive i 1990 var Old Boys laget med i slutt-kampane om krinsmeisterskapet. A-laget hadde i 1990 hatt ein mindre bra sesong i 6.divisjon.
Om dei rykte ned veit eg ikkje, enda. Her vil mykje oppdatering skje framover så følg med, - Johan Egil