1. august 2010 3:36
Gjestar: 4   Innlogga: 1
 HISTORIKK

HIL på Norway-Cup

Det er ikkje ofte HIL har hatt med lag på Norway-Cup, men nokon lag har vore der. Ei av verdas største fotballturneringar er Norway-Cup og blir arranger av Bækkelaget i Oslo. Ekebergsletta blir fylt med tusenvis av unge fotballbein kvart år, og er ei stor oppleving for dei som tek del, enten det er på bana eller på sidelinja. Her kjem historiene om dei tre laga frå HIL som har delteke på denne festen.
MENY
Han som starta det heile..
Formenn i HIL 1915 - 200..
HIL samlar bygdefolket n..
Økonomi..
Den gamle idrettsplassen..
Den nye idrettsområde..
Finansiering og kostnad..
Opninga av den nye idret..
Viktig datoer..
Anleggsarbeidet etter 19..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
HIL på Norway-Cup..
Hovdedagar 05 - ein fest..
Artige historie..
1985 - jomfruturen

Første laget frå Hovdebygda som var med i Norway Cup. Trenar var Dagfinn Fagerhol (tidlegare storskorar for HIL og Åndalsnes), eg var med som lagleiar ettersom eg hadde vore deltakar i 4 tidlegare Norway cup turneringar som gutte og juniorspelar.

Laget som eigentleg var eit samarbeidslag med Åmdal hadde mange bra spelarar og beit ifrå seg både i serien og i Norway Cup. Spelarane hadde godt samhald og gjorde ein felles innsats for å finansiere HIL sin deby i Norway Cup.

I alt blei det nytta eit stort antal spelarar gjennom sesongen, men gjengen på biletet var nok kjerna i laget. Ei oppteljing av dei som var med / innom laget denne sesongen viser at 14 har spelt A-kampar for HIL. Ei rask oppteljing viser at også 9 av spelarane har spelt A-fotball for Åmdal. Altså var dette ein av dei gode HIL årgangane.

Status i Norway Cup blei ein uavgjort og to tap, der laget spelte mot Tofte I.L. , Langhus I.L. og høgdepunktet mot Wesfalia Wiedenbruk (Tyskland) der omlag 1000 tilskodarar krinsa bana. HIL spelte jamnt med alle laga. Manglande rutine frå denne type turneringsspel må nok ta litt av skulda for at det ikkje blei fleire poeng.

Dette skriv lagleiar Sindre Skurtveit som var med i 1985 på HIL sin jomfrutur til Norway-Cup

1987 - HIL vidare for fyrste gong?

Vi spelte mot California Beach då eg var der. Det var Dagbladet sin favoritt i turneringa. Trur vi slo dei 2-0.

I tillegg spelte vi mot Molde med Kjetil Rekdal på laget. Tapte 4-1 etter at vi tok leiinga. Børge Hovde scora på eit kanonskot frå 20 meter. Roger Steinnes var mest oppteken av å ta tunnel på Rekdal. Det greidde han til slutt og då var det berre å ta han av bana.


Dette skriv Bjørnar Ingebrigtsen, en av dei som var med på eventyret i 1987. Bjørnar finner du framme heilt til høgre på lagbilete.

1997 - HIL ryk ut på verste vis
Laget som reiste til Oslo i strålande vær august 1997 var; Johan Egil Rudi, Marius Nedrelid Ryste, Tore Brautaset, Eivind Solevågseide, Oddbjørn Flø, Sindre Digernes, Ole Kristian Osvik, Børre Nilsen, Sindre Rudi, Miralem Dulbic, Marius Løeng, Ronny Pedersen, Rune Dalseth, Hallvard Yksnøy Bergmann, Oskar England, Odd Erik Hovden og Svein Ivar Holen.

Første kampen vår på Norway Cup skulle blir den kanskje suraste kampen i våre HIL karrierer. Etter ein nokså dårlig 1.omg mot XXXXX så låg vi under 0.2 til pause. Men litt kvile og en tur ned i kjellern skulle vise seg å avsløre det beste i dette laget.

Eit tidlig mål av

Men heilt på slutten skjedde det fatale. XXXXX fekk frispark på 9-10 meter etter at dommaren påsto at keeper Tore Brautaset hadde holdt ballen for lenge i henda, i panikken og stresset som oppstod gjorde vi nok det meste feil og det indirekte frisparket gjekk i mål. 3-3 blei sluttresultatet og skuffelsen var enormt stor.

Dei neste to kampane mot XXXX og Costa Rica gav 2 klare tap og HIL var ute av Norway Cup for denne gang.

Eit høgdepunkt på turen var også å få sjå Manchester United sine stjerner trene på Ekebergsletta og seinare sjå kamp mellom VIF - Man Utd på gammle Bislett stadion. Tusenfryd var vi også innom og den ekstremt sure opningskampen var gløymt for ei lita stund.

Det sosiale var på topp, dei fleste hadde holdt saman sidan barnehagealder og det blei en tur som underteikna aldri kjem til å gløyme.

G.16 i 2006 går vidare?
I år skal eit nytt lag frå HIL til Norway Cup, her kjem alt om den turen.

Her er det mykje som manglar og vi ventar på stoff frå alle tre gongane HIl har vore på NC. Har du noko så kom med det!
Webmaster Johan Egil Rudi © 2005-2010
hil fotball net utviklet av Kristoffer Nilsen