1. august 2010 3:38
Gjestar: 4   Innlogga: 1
 HISTORIKK

Hovdedagar 05 - ein fest for og med Hovdebygdingar

Hovdebygda UL 120 år, Hovdebygda IL 90 år, Hovdebygda soge- og velferdslag 45 år og bygningen Hovden skule 40 år. Det var våre kjære lag og vår flotte skule som skulle feirast denne siste helga i august, og Hovdebygdingane lot seg ikkje be to gongar. Med over tusen besøkande over dei tre dagane det varte fekk jubilantane den feiringa dei fortener. Showfotballkamp, rulleskirenn, Side Brok konsert, kunstutstilling, loppemarknad, folkefest og bygdevandring, med andre ord var der noko for alle på Hovdedagar 05.
MENY
Han som starta det heile..
Formenn i HIL 1915 - 200..
HIL samlar bygdefolket n..
Økonomi..
Den gamle idrettsplassen..
Den nye idrettsområde..
Finansiering og kostnad..
Opninga av den nye idret..
Viktig datoer..
Anleggsarbeidet etter 19..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
HIL på Norway-Cup..
Hovdedagar 05 - ein fest..
Artige historie..
Det heile starta på idrettsplassen
90 års jubilanten Hovdebygda IL fekk den store æra av å opne Hovdedagane 05 med familiekveld på og ved idrettsplassen. Det var knytt stor spenning til været og ikkje minst til flyet innhyra rulleskirennspeaker Erlend Slokvik skulle kome med kl.17.10. Den tidligare landslagsløparen i orientering og landslagstrenaren i skiskyting hadde lova å være speaker under rullskirennet som starta halv seks, og verken han eller Widerø svikta. Værgudane og dei fleste andre gudar var på Hovdebygda si side denne dagen. Flyet til Slokvik fekk bakkekontakt i det klokka bikka 17.10, og sju tomannslag med utøvarar frå

Hovdebygda si talentfulle skigruppe stod på startstreken klare til å vise publikum og Slokvik sine ferdigheiter. Tussa hadde lånte bort området rundt Tussatun, og det viste seg som ein perfekt arena for eit renn som gav mykje spenning og gode forhold for det talrike publikumet.
Hovden skulekorps var også på plass, og dei spelte flotte marsjar før Jiu-jitsu gruppa var klare med si oppvising. Jiu-jitsu er ein japansk kampsport som nok mange var nyfikne på å sjå kva var for noko. Det var altså mykje å sjå på for publikum, men der var også moglegheiter for å få bruke kroppen meir aktivt. Trimgruppa hadde lagt opp til drettsmerketaking for dei som ville teste seg sjølve. Mens dei vaksne kunne prøve seg på idrettsmerket var den oppsette stjerneorienteringsløypa populær hos dei yngste.

Old Boys kamp
Sola klarte å presse seg gjennom skylaget, og til tider var det rett so flott vær på stadion. Å presse måtte kanskje også Old Boys laget då dei skulle få på seg draktene til møtet med HIL sitt A-lag. Showkampen var siste post på programmet og Old boys laget hadde mobilisert med fleire kremtoppar frå tidligare HIL årgongar. Det hjalp imidlertid ikkje mot eit A-lag forsterka med Old Boys Manager Geir Håvard Hovde, og under den erfarne leiing av dommar Per Fagerhol kunne A-laget avslutte den minneverdige kvelden på stadion med ein 2-0 siger.

Side Brok på heimebane for fyrste gong
Sjølv om familiekvelden på stadion var over, så var det største høgdepunktet fortsatt i vente for rundt 130 ivrige Side Brok fans. Gruppa som har opplevd stor suksess i både inn- og utland dei siste åra skulle for første gong opptre på si eiga heimebane, Ervingen i Hovdebygda. Syskenborna Bård Lødemel og Runar Gudnason trakka sine barndomssteg på Ervingen og det var stor stemning då dei heimvendte heltane entra scena.

Med sine artige tekstar, originale sceneinnslag og eit spektakulært sceneshow fekk publikum full valuta for pengane då dei kjende og populære låtane ”Riste på raua”, ”Si eiga rås” og ”Ein likandes kar” kom på rad og rekje. Stemninga nådde toppen då ”1, 2, 3, Fyre” sine tunga bassrytmar fylde gamle erverdige Ervingen. I full gang med andre slåtten og Side Brok dunkande i bakgrunnen, kunne Ervingenveteran Johan Rudi fortelle meg at, ”ditta var noke te øveståde”.

Laurdagen starta med loppemarknad og auksjon
I løa til Eilert Hovden var det samle mykje lopper og mykje folk tidlig på føremiddagen Laurdag. Fleire kombinerte nok turen innom Ytrehovden med ein tur på den store loppemarknaden til Volda Raude Kors i Volda same dagen. Når auksjonen skulle starte gjekk dogg salet noko tregt føre seg, så auksjonarius Ulf Valstad måtte bruke sine beste salstriks for å få folk til å grave i lommeboka. Men som på alle loppeauksjonar fann ein både røvarkjøp og kjøp som ein grev seg i hovudet over når ein kjem heim. Det er ein del av sjarmen med det å være på loppemarknad.

På Hovden skule hadde tretten lokale kunstnarar stilt ut bilete og skulpturar, medan Hovdebygda soge og velferdslag stilte ut foto både i album og på skjerm. Eg skulle sjølv berre ein rask tur innom denne utstillinga pga den nemnde slåtten, men blei fort værande mykje lengre en planlagd. Det var skikkelig arti å sjå bilete av ei tid som eg sjølv kan huske og som eg har knytt monge gode minner til. Å sjå korleis bygda såg ut ”i gamle dager” er også artig å sjå. Når eg i same slengen fekk oppdage dei flotte kunstnarane vi har i lokalmiljøet så gjekk jammen tida fort unna. Eg og mange andre interesserte fekk sjå ei variert og engasjerande utstilling som var svært godt vitja med mykje folk heile helga.

Over 200 på folkefesten
Ørsta kulturhus var åstaden for den store folkefesten og det var nok eit lurt val av festkomiteen. Arrangørane frykta på førehand at monge ville bli heime pga flyttinga ut av
Hovdebygda, men det skulle Hovdebygdingane motbevise med renter. For med godt over 200 menneske hadde det vorte noko trongt om plassen på Ervingen.

Revykoret Ervingen opna festen med ”Hello Dolly” og då var stemninga satt for eit innhaldsrikt festprogram med noko for alle aldersgruppar.
”Alle lag i den kjære bygda vår må vere liv laga. Deira eksistens og arbeid er heilt avgjerande for at me framleis skal halde på identiteten vår som hovdebygingar. Laga er ei motvekt mot den passive mediekulturen”. Dette sa Jens Kåre Engeset i sin festtale der han tok føre seg historia til dei fire jubilantane og deira viktige rolle som identitetsbyggarar i Hovdebygda.

Frå Austlandet hadde dei utflytta hovdebygdingane Bjarte og Leif Digernes tatt turen for å feire og underhalde med kjente og kjære viser. Dyktig programleiar under festen var Gunnar Ellingsen, og han fekk også høve til å intervjue to andre utflytta hovdebygdingar, Reidar og Erlend Slokvik. I løpet av dei 10 åra dei budde i bygda sette dei verkelig sitt preg på idrettslaget, og då spesielt i orienteringssporten der dei var i den ypperste eliten. Før folket skulle få seg noko å bite i blei alle med på ”Nordmannen”, då var hovdebygdingane komne i si rette sinnsstemning og maten kunne inntakast.

Håvard Dalsbø og Asgeir Bjørkedal åpna programmet etter maten med sitt kornettspell, medan Bård Dahle på piano og Brynhild Hovden på saksofon tok over med sine flotte framføringar av kjende visetonar. Den siste halvtimen var det revygjengen som fylde med glansnummer frå Hovderevyen. Mads Ryste, Bella Sandvik, Thomas Ryste, Roe Digernes, Kirsten Ose og superveteran Johan Rudi fekk latteren til å sitte laust med sketsjar som ”Polakken”, Kjampingturen” og ”Grannemannen”. Kanskje Johan Rudi hadde øvd seg litt ekstra mellom silolassa fredagskvelden? For då han, Viggo Aasen og Thomas Ryste fyrte opp med Side Brok parodien ”Johan hyl” var stemninga til å ta og føle på blant stolte hovdebygdinga.

Søndag opna med gudsteneste og fortsette med bygdevandring i Indrehovdegen
Etter at gudstenesta på bedehuset i Hovdebygda var ferdig var det klart for ei vel to timar lang bygdevandring langs Indrehovdevegen. Einar Flø førte ann med Alvhild Hovden, Fridjof Håskjold og ikkje minst Brynjulf Skurtveit og Jens Kåre Engeset som ivrige bidragsytarar undervegs. Omlag seksti personar var med frå starten, men tolv grader og noko regn gjorde nok sitt til at ein del fell av etterkvart.

Dei som var med heile vegen fekk høyre mykje historisk stoff rundt dei ulike plassane og namna som blei passerte langs Indrehovdevegen. Idrettsplassen, bakken, sjøvegen, hoppbakkar og skytebaner var nokon av emna som dei vandrande historiebøkene kunne fortelje om. Når vandringa nærma seg slutten, kom det ikkje uventa ynske om vandringar til andre delar av bygda, men som med alt godt er det lurt å spreie det litt utover og ikkje ta alt på en gong.

Eg er hovdebygding eg!
”Eg vil rette ei stor takk til alle i Hovdebygda for at de hjelpte til med å arrangementa, og for at de møtte opp på dei ymse arrangementa som vart haldne i helga”, dette sa leiar i hovudnemnda for Hovdedagane, Sindre Skurtveit. Tre dagar med festivitas var over og markeringa av dei fire jubilantane fortsetter i den daglige handlinga bygdefolket gjer for dei ulike laga og skulen i bygda. Arrangørane rekna med at over tusen personar var innom dei ymse arrangementa, og at dei blei utselde for kotelettar og anna mat på Fredagens familiekveld på stadion er eit klart bilete på at oppmøtet var over forventingane.

Når eg flytta til Ulsteinvik for å gå på skule for vel seks og et halvt år sida so var det ofte eg fekk spørsmålet, ”kor du kjeme frå då?”. Når eg då svarte Hovdebygda so fekk eg tilbake, åja du er Ørsting du altså. Nei, svarte eg. Eg er hovdebygding eg!

Skreve av: Johan Egil Rudi
Webmaster Johan Egil Rudi © 2005-2010
hil fotball net utviklet av Kristoffer Nilsen