Fotballkamp mot Vigra, slutten på 60-talet
Vigra har i mange tiår vore ein fotballkonkurrent for Hovdebygda, slik også på 60-talet. Og som dei fleste kjenner til, ligg fotballbana til Vigra nær flyplassen. I dette tiåret nytta Hovdebygda seg av lange, knallharde løpepasningar, retta mot lynraske spissar. No må det også nemnast at desse løpepasningane til sine tider enda både i ”hytt og ver”. Slik også i denne kampen.
I denne tidsepoken hadde Hovdebygda bl. anna ein verkeleg knallhard høgreback med namn Brynjulf Skurtveit. Ein frykta ”stabbestein” for alle motstandarar, særleg lette venstrevingspirevippar. Midt under kampen fekk Brynjulf ein ball på ”halvspretten”. Brynjulf drog til det han var god for, og ballen fauk strokbeint oppover i 45°. Under ballen si ferd, ropte ein tilskodar: ” Brænnande det Skurtveit, no må du passe ruteflyet”. Kampen bylgja fram og tilbake etter som tida skreid fram, og der fekk han Brynjulf ein på ”halvspretten” att. Denne gongen hadde Brynjulf ”ryggsekk”, slik at skotet/pasninga gjekk knallhardt rett opp. Ny kommentar frå publikummar:” Steikande det gutta, dinna kommer ned igjen med sne på”. Korleis kampen enda vitast ikkje, men dei fleste trur den enda likt.
Skreve av: Hallvard Hovde.
Forballkamp mot Harøy, eingong tidleg på 70-talet
Grensa mellom Sunnmøre og Harøy går ”over” Harøya.. Tidlegare har Harøy vore tilhøyrt Romsdal krets, men tidleg på 70-talet vart Harøy ”underlagt” Sunnmøre fotballkrets. Som dei fleste kjenner til, ligg Harøy heilt ute ved kysten med hav i alle himmelretningar, og dermed nokså utsett for ver og vind, og ikkje minst vind.
Fyrste seriekampen Hovdebygda spelte mot Harøy, fekk vi føle naturkreftene, særleg kraftig vind. Ja, det bles sterk storm med faktisk orkan i dei verste vindkasta. Korleis spelet då utarta seg, kan vi berre tenkje oss.
Vi frykta sjølvsagt at Harøy skulle drage fordel av vinden, men ettersom kampen skreid fram, synte det seg at også Hovdbygda tileigna seg ulike triks med å spele på lag med naturkreftene. Ja, det var til sine tider, som tidlegare nemt, så kraftig vind, at det var praktisk talt umogeleg å stå oppreist. Korleis vi skulle få ballen til å ligge stille ved eks. vis frispark eller andre daudballsituasjonar, vart løyst ved at ”Amerikansk fotball” vart nytta. Ein mann heldt ballen fast/stille med eine handa, medan ein annan tok frisparket. Domaren kalla dette for ”lovleg hands”, og tillet det.
Når vinden bles på sitt sterkaste, måtte spelarane berre legge seg rett ned, og knipe seg fast i dei stakkarslege, forblåste grasstråa. Hovdebygdingane klarte likevel å spele ei viss form for fotball, ved at dei reiste seg opp på kne, og jamvel til sine tider makta å springe. Sikkert mykje god underhaldning for det talrike, frammøtte publikum. Då det leid mot slutten av kampen, fekk Hovdebygda frispark, midt på motstandaren sin spelehalvdel. Jostein Myklebust skulle ta frisparket, og Roe Digernes skulle halde ballen i ro.
Alle venta at frisparket vart teke då det var nokolunde vindstille, men berre ikkje Jostein. Han venta til det kom ei skikkeleg vindkule før han skaut. Korleis det gjekk med handa hans Roe, skal ikkje nemnast, men ballen vart likevel skoten. Ikkje mot mål, men på tvers av bana. Då ballen passerte midten, tok vinden over. Dette enda med eit skikkeleg, knallhardt bananskot, og ballen fauk inn i mål, meterhøgt ved stolperota. Hovdebygda vann kampen 1 – 0.
Skreve av: Hallvard Hovde.
Gapestokk ned i bakkji - eingong midt på 90-talet
Peder Synnes trua ein gong midt på nittitalet med å lage 11 gapestokkar ned i bakkji. Mi hadde tapt en kamp mot et botnlag.....
Skreve av: Bjørnar Ingebrigtsen
Vi går for uavgjort - eingong etter krigen
HIL låg under med 0-12 for Hødd i Ulsteinvik då Trygve Aasen uttalar fylgjande femten minutter før slutt: "gutter, vi går for uavgjort".
Skreve av: Johan Rudi
PS: Etter at Jens Kåre Engeset skreiv i siste "Mi gamle grendi" at det var Johan Rudi sjølv som sa dette sis, så har det oppstått usikkerheit rundt. Men uansett kven som sa det så er det ei god historie.
hjæm å kjøre traktor? - nokre år sida
Kamp mot Aksla for nokre år sida.. Vi ligge under og ej e på benken og irritera mej grenselaust over Aksla sine monge og treige bytter. Til slutt rope ej t en kar so ska ut: Ta å få ræva igir no då!! då sei han t mej: Ka d e da? ska du hjæm å kjøre traktor???...ej fekk ikkje fram noke svar.....
Skreve av: Svein Inge Sæbønes
He du ei på lager så ta kontakt på HIL-post eller på joherudi@hotmail.com