1. august 2010 3:46
Gjestar: 0   Innlogga: 1
 HISTORIKK

HIL samlar bygdefolket når de gjeld

Bygda har gjennomgått store endringer dei siste 90 åra. ”Det er so mange hendingar i bygdom komne til. Me sjå so mange vendingar alt på eit lite bil”, skreiv hovdebygdingen Ivar Aasen i 1860-åra.
MENY
Han som starta det heile..
Formenn i HIL 1915 - 200..
HIL samlar bygdefolket n..
Økonomi..
Den gamle idrettsplassen..
Den nye idrettsområde..
Finansiering og kostnad..
Opninga av den nye idret..
Viktig datoer..
Anleggsarbeidet etter 19..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
HIL på Norway-Cup..
Hovdedagar 05 - ein fest..
Artige historie..
 
 Ivrige tilskodarar då krokettbana på Ole Martinus-plassen i Rystebakken vart opna søndag den 12. september 1993. Framme frå venstre: Odd Digernes, Kåre Hovden, Torgeir Hovden, Ingulv Myklebust, Bjarne K. Hovden, Olav Inselset, Erling Melheim, Lars Kvalheim og Magnhild Kvalheim. Bak frå venstre: Ludolf Hovde, Svanhild Iverson, Ivar Kroken og Jon Nedrelid. Foto: Møre-Nytt. (Frå bildesamlinga til Hovdebygda soge- og velferdslag.)
 Frå opningsturneringa på den nye krokettbana. Frå venstre: Bjørnar Ingebrigtsen, Rolf Ryste, Gerhard Ryste, Sindre Skurtveit, Jan Egil Gretland og Kåre Røv. Foto: Møre Nytt. (Frå biletsamlinga til Hovdebygda soge- og velferdslag.)
Desse orda er nok enno sterkare grad høvelege i vår tid. Frå å være ei bygd der mange var knytt til primærnæringane, - jordbruk, fiske og fangst, har utviklinga ført til at det i dag er industri og tenesteytande næringar som dominerer. Bygda ligg mellom dei to bygdebyane i Volda og Ørsta, eit tilhøve som lett kunne ført til at identiteten vart utviska.

Men det har ikkje gått slik. Hovdebygdingane er nok utovervendte, men samstundes fullt medviten om at bygda er ei eining både sosialt og kulturelt. Æra for dette trur eg først og fremst må tilskrivast dei mange tradisjonsrike laga, - ikkje minst H.I.L. Men her må fleire lag nemnast:

Hovdebygda Ungdomslag (skipa 1885)
Hovdebygda Skyttarlag
Hovdebygda Sanitetslag
Hovdebygda Soge og Velferdslag

Det er grunn til å streke under ved dette jubileet, 75 år, at samarbeidet mellom laga i bygda har vore godt. Ved fleire høve har ein gått saman om tilskipingar som har samla bygdefolket. Og når dei store oppgåvene skulle løysast for H.I.L, har bygdefolket støtta godt opp slik det vert sagt i ei overskrift i Møre-Nytt i samband med 60-årsjubileet:

”H.I.L samlar bygdefolket når det gjeld”.
Webmaster Johan Egil Rudi © 2005-2010
hil fotball net utviklet av Kristoffer Nilsen