Prisen for jorda kom på 1520,70kr. Paul Håvoll og Ivar J.Aasen vart elles æresmedlemmer i H.I.L. Terrenget i ”Paulskogen” halla ein god del, så det vart litt av ein jobb å få til ein brukande plass.
Fritid hadde karane lite av den gongen, men dei hadde pågangsmot og dugnadsånda var levande i bygda. –Og plassen tok form og vart utida år etter år. Når me i dag ser på den imponerande steinmuren, og veit kor lite dei hadde til å hjelpe seg med, må me berre undre ogss og ta hatten av! Steinmuren, slik den er i dag, vart ferdig i 1939.
I 1932 har Leidulf Hovden skrive desse linjene i møteboka: ”I haust hadde me stordugnad på plassen. Alle som kunne, møte fram med hakke, spett og spade. Ja, ein kveld var me 40 mann og 5 hestar. Plassen er no lengd frå 58 til 71 meter”. Utbetringa og utvidinga av plassen heldt fram både i krigsåra 1940-45, - ja heilt fram til 60-åra.
Fredssommaren 1945 vart minnerik også når det gjaldt idrettsplassen. Frå fangeleirane i Nord-Noreg var det kome om lag 40 russiske soldatar til Ørsta. Dei var innkvarterte på Folkehøgskulen. I fleire dagar arbeidde russerane side om side med oss hovdebygdingane og hakka i den harde leira så spruten stod! ”Bygdens kvinder” møtte fram med matkorger fulle av lefse, søst og anna godt, - og som takk stilte soldatane opp og song sine slaviske folkesongar så det ljoma mellom dei gamle fjell! – Internasjonalt samarbeid av beste merke, og eit minne for livet for alle dei som var med på hendinga.
Den gamle idrettsplassen har vore ein samlestad for heile bygda, og mang ein hard dyst har vorte utkjempa både i fotball og i friidrett. Plassen gjorde teneste heilt fram til det nye idrettsanlegget vart opna i 1974, men pga at han ikkje kunne godkjennast til seriekampar i fotball, måtte desse spelast på leigde baner i Ørsta og Volda.