”Som oppfylling av avtalen mellom Ørsta kommune og H.I.L av 13.12.67.K.sak 215/67, festar Ørsta kommune bort ca. 30 mål til H.I.L av idretts- og industriområdet i Hovdebygda ,g.nr.52, b.nr.48, for ei tid av 99 år rekna frå 1.6.73.”.
Festeavgifta skal vere ei eingongsavgift på kr.25.000, og skal betalast kontant. Til betaling av skuldig maskinleige til Ørsta kommune på kr.34.515,- får H.I.L eit liknande beløp som del av kostnaden laget har hatt med opparbeiding av vegen i industriområdet, samfunnshus og idrettsområdet. Dermed var ei langvarig og vanskelig sak løyst på ein god måte. Men det hadde vore sendt mange skriv og halde mangt eit møte mellom laget sine tillitsmenn og kommuneleiinga før ein kom så langt.
Nemnda for plassering av ny bane (plassnemnda) vart vald av årsmøtet 3.1.68, og desse var med: Hans M. Ryste, Alv Ringset og Ingulv Myklebust.
Byggenemnda vald av årsmøtet 26.10.69 hadde fylgjande samensetjing: Syver Krøvel, formann, Jens Kåre Engeset, Alv Ringset og Kolbein Ryste. Hans M. Ryste overtok frå 1.12.73 for Alv Ringset som flytta frå bygda.
Det var særleg tre faktorar som gjorde realiseringa av det nye idrettsanlegget mogleg: Velvilje frå kommunen si side – vel og merke etter 1967! Og her bor spesielt kontorsjef Knut Andersen og kommuneingeniør Sigmund Hovden nemnast. Ein uvanleg og imponerande dugnadsinnsats frå bygdefolket si side (Om lag 3000 dugnadstimar). Innsatsen og uthaldsevna til ein person: Formannen i byggenemnda, Syver Krøvel. Han hadde aleine heile 366 dugnadstimar på bana i tillegg til all tid han brukte til kontakter og koordineringsarbeid.
Det var såleis fullt fortent, og eit populært innslag under opningshøgtida, då lagsformannen, Hans M. Ryste, på vegne av laget gav Syver Krøvel ein minnepokal som takk for arbeidet.