1. Planering
Ørsta kommune utførte ein del av arbeidet med sine maskiner. Sum kr.39.500. Entrepenørfirmaet Meisingset, Molde, som haddde arbeidet med Ørsta/Volda lufthamn, utførte storparten av arbeidet med sine maskiner. –Arbeidet vart derfor gjort svært snøgt og rimelig, om lag kr.25.000 under kalkylen.
2. Grøfter
Ørsta kommune sitt arbeid vart oppgjeve til kr.12.000. I tillegg til planen måtte det takast drensgrøfter i øvre kant av skjeringa for å unngå overflatevatn.
3. Drenslag
Kostnaden vart her noko større enn kalkylen. Grunnen var at ein måtte nytte ein annan type sand enn rekna med. Dessutan vart alle drensgrøfter fylte med grov sand – etter råd frå ingeniør Andresen STUI.
4. Rør
Drensgrøftene vart lagde på tvers av bana med 3 m mellomrom. Desse er så kopla inn på 4” drensrør som ligg i dei langsgåande grøftene utanfor spelebana.
5. Moldlag
Etter samråd med heradsagronom Kolbein Ryste, vart ein frårådd å nytte jorda som vart skrapa bort av baneområdet. Rein og fin jord var til all lukke å få kjøpt i nærleiken. Jorda vart delvis opplest og køyrd av kommunen sine maskiner, og kommunene rekna seg kr.5.300 for dette.
6. Vegar
Vegar til området vart bygt av kommunen, og utgiftene er på kr.40.000.
7. Frø og gjødsel
Det synte seg at ein del av moldlaget var av ein slik konsistens at mykje av frøet ikkje kom opp att. Våren 73 måtte derfor om lag halve bana såast på nytt. Det måtte køyrast på store mengder kalk og gjødsel. Derfor vart kostnaden på denne delen om lag dobbelt så stor som kalkylen.
Tilskot til anlegget:
1. STUI (tippemidlar) kr.30.000 + kr.70.000 = kr.100.000
2. Ørsta kommune (avtale av 24.6.59 og 13.12.67) –kr.130.812,08*
* I K-sak 69/70 vart det gjort vedtak om at H.I.L skulle ha kr.113.027 for den gamle plassen.dvs.kalkulert kostnad for grunn + halv kostnad med opparbeidning til internasjonale mål. Dessutan renter frå 1.1.-69.
Bygsleavtale
”Ørsta kommune v/ordføraren som eig eigedomen ”Hovdebygda Idrottsplass”, g.nr.52, b.nr.61, i Ørsta kommune, Møre og Romsdal fylke, bygslar med dette bort til Hovdebygda Idrottslag heile parsellen på 34.027,3 m2. Festeavgifta skal vere ei eingongsavgift på kr.25.000, og denne er betalt”.
- Dermed har altså H.I.L råderett over eigedomen til 1.juni 2027!
Dugnad
Heilt frå arbeidet starta førde formannen i byggenemnda dugnadsbok. Dugnadsarbeidet omfatta m.a.: legging av drensrør og sementrør, fylling av drensveiter, bortkøyring av stein, jamning av mold, steinplukking, gjødsling, såing og rulling. Statens vegvesen, som hadde stasjon rett nedanfor bana, var svært velvillige og lånte gratis ut maskiner til finplanering av underlaget på bana. Dugnadsarbeidet vart utført både av medlemane i laget og av bygdefolket elles.
Dugnadsboka syner fylgjande oppsummering:
Manuelt arbeid: 2.439,5 timar a kr.7,50 = kr.18.296,25
Traktorarbeid: 408,0 timar a kr.15.00 = kr.6.120,00
SUM: 2.847,5 timar kr.24.416,25
Som me ser var timetakstane for dette arbeidet ikkje særleg høge!