1. august 2010 3:23
Gjestar: 6   Innlogga: 1
 HISTORIKK

Opninga av den nye idrettsplassen (grasbana)

Opninga var som nemnt den 13 april 1974. Avisene i distriktet ofre mykje spalteplass på hendinga. Me tek med nokre smakebitar:
MENY
Han som starta det heile..
Formenn i HIL 1915 - 200..
HIL samlar bygdefolket n..
Økonomi..
Den gamle idrettsplassen..
Den nye idrettsområde..
Finansiering og kostnad..
Opninga av den nye idret..
Viktig datoer..
Anleggsarbeidet etter 19..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
Den sportslege historia ..
HIL på Norway-Cup..
Hovdedagar 05 - ein fest..
Artige historie..
”Hovdebygda får stadion til 327000 etter m.a.3000 dugnadstimar”
Hovdebygda skuleorkester, under leiing av Håkon Høydal, opna høgtida med nokre feiande marsjar. Hans Jakob Vestad, form. i Møre og Romsdal Idrettskrets, si talen sin at han vona bana skal føre til auka innsats og gjere idrett til ein fritidsaktivitet for så mange som mogleg. Han overrekte eit norsk flagg som gåve til H.I.L. (Møre-Nytt).

”Nytt idrettsanlegg opna i Hovdebygda”
Det var ein merkedag for idrettsungdomen i Hovdebygda då det vakre anlegget vart opna Laurdag. Trass i ferietida var det mange som hadde møtt fram, mellom desse den 83 år gamle H.I.L –veteranen Sigurd Ryste, og den 99 år gamle Johan Digernes som var bestefar til ikkje mindre enn fem av dei spelarane som H.I.L hadde i aksjon under opningsturneringa i fotball. (Sunnmørsposten)

”Sunnmøres vakraste idrettsanlegg i Hovdebygda”
Aksla stadion har alltid hatt ord på seg for å være Sunnmøres flottast beliggende idrettsanlegg. Nå er det imidlertid bare å slå fast at Hovdebygda har overtatt rollen. –Det er en oppsiktvekkende innsats som folket i Hovdebygda har gjort. (Sunnmøre Arbeiderblad)

”Bygdefolket bør vere stolte av idrottsplassen”
- Eg vonar at det som er gjort vert til glede for laget og bygda. Det var formannen i banenemnda, Syver Krøvel, som sa dette då han overrekte den nye Hovdebygda Idrottsplass til H.I.L ved form. Hans M. Ryste laurdag ettermiddag (Møre).
Webmaster Johan Egil Rudi © 2005-2010
hil fotball net utviklet av Kristoffer Nilsen