1. Årsmøtet i H.I.L, den 3.1.68 vedtek reguleringsframlegget til plassering av idrettsanlegget.
2. Grunneigarane gjev den 25.11.-70 løyve til å ta grunnen i bruk før oreigninga?? er i orden.
3. Planeringsarbeidet startar 2 dagar etter, den 27.11. Dei store bulldosarane til entreprenør Meisingset, som elles bygde Flyplassen, vart sette inn i arbeidet med grovplaneringa.
4. Bana vert sådd 31.8.72, og klipt første gong 6.6.73.
5. Den 22.5.74 går første seriekampen på den nye bana. – H.I.L sigra over Guard med 3-1.
6. Den 13.7.74 vert anlegget offisielt opna av formannen i Møre og Romsdal Idrettskrets, Hans Jakob Vestad. Opninga vart elles markert med ei fotballturnering mellom dei fire lag frå Ørsta kommune: Vartdal, Sæbø, Ørsta og H.I.L. Vinnar vart Ørsta med H.I.L på 2.plass.